Verdalsvinden
Doggfall i ein dal : dikt 1966.
|
VERDALSVINDEN Våleg er VERDALSVINDEN! Han bustar seg til mot haust og gufsar bort gruset og flytter på lauvet og alt som kan lirkast laust. Styggkald er vintervinden. Han skjer gjennom merg og bein. Så bryt han ned trea og kvin gjennom husa og blankfilar rabb og rein. Vargvill er austavinden med snøfaks på Kvinnfjell-koll. Han dansar ned dalen og bykser på fjorden med yling og iskald oll. Venleg er sommarvinden. Han stryk med si mjuke hand. Så kjem han med solfarga kyss ifrå fjorden og elskar på blomestrand. Blid er oss bjønnavinden! Han syng med ein signa sus. Så gjestar han kvar ein åker i dalen og tørkar värt korn i hus. Varleg ved Veresvatnet han kviler ei lita stund. Så legg han seg ned mellom mørke graner og byssar ein bjørn i blund. Våleg og vill og venleg blås berre, Verdalsvind! Friskare er du enn sovande stilla som aldri tørs flytte grind! |
|
skrevet av Bjarne Slapgard
|
Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer. |
|
Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard. |