Helgåa
Doggfall i ein dal : dikt 1966.
|
HELGÅA I Helgåa et som ein svolten skrubb. Du bur der og spør: Tek ho rubb og stubb? Utruleg mykje det er ho treng. Ho riv åt seg åker og fager eng. Ho riv åt seg myrar og veg og skog og bryt i seg fòra frå vårblank plog. Så gløyper ho tufter med folk og fe. Du seier i angest: Kva vi no skje? Ho blir ikkje mett ved eit duka bord. Ho et det vi bur på: vår dyre jord! II Ho eig ikkje botn i magen sin, men gløyper og gløyper med blågrått grin. Kvar gongen ho opnar sitt djupe gap, set dølen seg ned og skriv opp eit tap. III Helgåa et som ein svolten varg. Du bur der og kjenner deg arm og arg. Ho tek frå deg jorda for billeg pris, betaler med uro på røvarvis. Du kan ikkje møte med makt mot makt, men minke på tapet med vaken vakt. |
|
skrevet av Bjarne Slapgard
|
Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer. |
|
Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard. |