Startpage





download musicfile

Karitjønndalen
Doggfall i ein dal : dikt 1966.





KARITJØNNDALEN

I

Eg sit attmed Karitjønna
ein haustkveld i hustre ver.
Det er ikkje rådleg å nemne
alt det eg i vatnet ser.

Her var det ho Kari drukna;
vart drukna, seier ei segn.
Ein skugge av dette flagrar
i ofsen av vind og regn.

II

Her var det han Gunnar kløvja
og møtte ei daudmannsferd.
Dei reid og bar blanke våpen
og knappar på bryst og herd.

Dei krinsa han inn og stirde
med glanstomme augnehol.
Men kløvhesten skalv og mimra
og gav ikkje minste tol:

Han kasta i bakken kløva
med Gunnar og alt han bar.
Så fór han i skinnflatt lang-tan
på sti og i bekkefar.

Då Gunnar ranns med seg atter,
var heren av daude menn
langt borte frå Karitjønna.
- Så kvikna han litt om senn.

Men etter den dagen Gunnar
var rotlaus i Esinga.
Han fekk seg ein knekk av synet,
vart aldri meir heilt ut bra.

III

Det gufsar frå Karitjønndalen
i einsemda her i kveld.
Eg undrast om daudmannsheren
kjem hit ät min nykveikte eld?

Eg kastar ein stein uti vatnet.
Då flirer det håst til svar.
Men ingen stig fram innåt elden,
og tjønna ligg still som ho var.

Men ruslar du Karitjønndalen
med bør og er trøytt og mod,
då gufsar den daudmannaheren
med isnåler gjennom ditt blod.



skrevet av Bjarne Slapgard


Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer.


tonesatt av Abnescio


Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard.